Nyhetsbrev fra Herøy Dykkerklubb


HDK Nytt
HERØY DYKKERKLUBB
Utgave 2- September 2011
Medlemsavis
Dersom du har nyheiter/bilder eller nokon ord om ein bra dykketur du
vil dele med dine medlemmar kan du sende info til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.og merke mail med ”avis”.


Stoff i denne utgava:
  • Utsjekk for bruk av flasketanken
  • Krabbefest 1. oktober
  • Kontigent for 2012
  • Diversnight 2012, torsdag 3. november
  • Artikkel om sommeraktiviteter i HDK
  • Grasrotandelen - Norsk Tipping




Meld deg på Herøy Dykkeklubb sin sms- teneste. Send: GBREG 101423 til 1960 for å få info til din mobil.
Husk også SMS: GRASROTANDELEN 987334312 til 2020 (tjenesten er gratis).

 


 

Utsjekk i bruk av flasketank

Flasketanken er no oppe og går, men før du kan starte å bruke den må du få opplæring og utsjekk frå ein styremedlem.

Det er framleis mogleg å fylle luft direkte frå kompressoren på vanleg måte. I tida framover vil det settast opp fleire

kveldar der medlemmane har anledning til å kome å få utsjekk i bruk av flasketanken.

Desse kveldane vil bli annonsert på forumet, samt på facebook-sida til klubben.

 

Invitasjon til krabbefest 1. oktober

Herøy dykkerklubb har tatt på seg ansvaret til å arrangere NM-runde i UV-jakt laurdag 1. oktober.

Derfor tenkte vi det passa fint å arrangere krabbefest på kvelden etter NM-runda er avslutta.

Alle medlemmar med følgje er hjerteleg velkomne til å kome. Vi vil også invitere alle som har deltatt på NM-runda.

Festen startar kl 20:00, og det vil koste 100 kr per person. Klubben står for innkjøp av krabbe, loff og alt av tilbehør,

einaste du treng og ta med deg er godt humør og noko godt å drikke.

 

 

Diversnight 3. november

I år må du sette av 3. oktober på kalendaren, det er nemleg datoen for det internasjonale nattdykket ”Diversnight”.

Også i år vil klubben delta på dette, og vi håpar på at minst like mange dykkera stiller i år som i fjor.

Dykkestad er ikkje fastslått enno, men Runde hamn viste seg å vere ein ideell stad å ha dette,

så det er ikkje umogleg at dette blir staden også i år. I fjor var heile 23 dykkera i vatnet samtidig på Runde hamn.

Kanskje kan vi klare å slå denne rekorden i år? Info vil bli lagt ut både på internettforumet og facebook-sida til klubben.

 

 

 

Stor sommaraktivitet

Takka vere den nye Polarcirkelen til klubben, så har vi no i større grad enn før moglegheit til å utvide

dykkehorisonten og dykke på fleire plassar som det har vore svært lite dykka på. Dette har vi utnytta i

sommar, og vi har blant anna kjørt fire turar til Arisan, dykka i Kvalsvikgrotta, og utforska nye stadar

utanfor Skorpa. Dykkeaktiviteten har stige betrakteleg, og vi har fleire gongar hatt heilt full båt.

Som eg har skrive tidlegare, så har det lenge vore sagt at alt som var att av Arisan ute på Geitemaren

var knuste stålplater og tusenvis av tonn med jernmalm. For så vidt så stemmer det at der ligg masse

knuste stålplater og tonnevis med jernmalm strøtt over eit svært område, men der ligg også fleire

intakte og svære delar av skipet. Vi brukar å kaste dreggen på ein GPS-posisjon på nordvest-sida av Geitemaren.

Når vi går ned langs dreggtauet har vi to val, vi kan følgje skjæret til høgre eller venstre. Går vi mot høgre,

så treff vi på fleire svære seksjonar av dekket bak styrehuset. Dybda her varierar mellom 20 og 25 meter.

Eit stykke lenger framme treff vi på der styrehuset har stått ein gong. 4-5 meter over dekk er overbygget vekkrevet.

På tvers av skipet er det god plass til å penetrere gjennom heile overbygget, gjennom nokre mannhol

som går tvers gjennom skipet. Ein kan kjenne adrenalinen straume litt ekstra gjennom kroppen når vi

beveger oss inn og symjar ut på andre sida av skipet. Det kjennast likevel trygt då det ikkje er noko

mudder der som kan virvlast opp, og konstruksjonen verkar veldig solid og sterk.

 

 

Eit stykke framfor styrehuset er skipet knekt i to, og der er det mogleg å kike inn i lasteromma frå babord side.

20-30 meter til venstre for der skipet er knekt i to ligg ein enda større del av forskipet på skrått bortover i

same retning som resten av skipet. Denne seksjonen av fordekket er sikkert over 50 meter lang, og på

enden av den står nokre store fortøyingsvinsjar, forskjellig dekksutstyr og fleire pullertar. Framfor dette

er det lite spanande å kike på, berre knuste delar av skipet og svære sanddyner med jernmalm.

Arisan var lasta med heile 155 tusen tonn jernmalm, og hadde ein fordelt dette jamt over 10 fotballbaner,

så ville høgda på sanden vere 1 meter.

 

 

 

 

 

 

Dersom vi går til venstre etter vi har gått ned på dreggtauet, så møter ein på baugpartiet

på rundt 30 meters dybde. Av dei delane av skipet vi har oppdaga til no, så er nok dette den

mest spanande delen. Utanom at baugen har ei rift ca. midt på heilt framme, så er baugpartiet

heilt intakt. Her står svære fortøyingsvinsjar ,og ankervinsjar med kjetting som går over

kabbelarane og ned gjennom kjettingklyssa. Alt er king size, så ein får eit godt inntrykk av kor

stor båten var. Vraket er forholdsvis lite grodd, og enkelte stadar kan ein framleis sjå at malinga

kkje er borte. Baugpartiet er såpass stort at ein lett brukar opp heile dykketida rundt omkring på det.

Masta er heilt intakt og strekkjer seg heile 19 meter oppover i vassmassane, så her er det

fint å ta oppstiging. Noko som er heilt sikkert er at det skal arrangerast fleire turar ut til Geitemaren.

Tenk for ein fantastisk opplevelse dette må vere ein stille vintersdag med 40 meter sikt.

 

 

 

Etter ein av turane på Arisan, så bestemte vi oss for å stoppe på nordsida av Kvalsvika på vei inn igjen.

Her er ei grotte som strekkjer seg eit lite stykke innover, kanskje 40-50 meter. Vi hoppa i vatnet like utanfor åpninga

og gjekk ned der. Nede i tareskogen fann vi kløfta som strekkjer seg heilt inn i grotta. Den minner litt om grottene

ved fuglefjellet, berre den er djupare og litt smalare. Heile vegen inn er den rundt 10 meter djup.

Når vi kom heilt inn opna kløfta seg og vi kom til ei stor jettegryte. Det blei eit veldig kort dykk, sidan vi berre

hadde rundt 60 bar på flaskene då vi gjekk ned.

Det ligg ein liten videosnutt frå dykket i grotta på den nye facebook-sida til klubben.

 

 

 

 

 

 

Kven har vel ikkje hørt sagnet om ”den uovervinnelege borg”, ”den store mangfoldighet”, eller kanskje ”Castillo Negro”