1.mai ble det arrangert første runde i årets NM-cup i UV-Jakt.
Herøy dykkerklubb har i mange år arrangert konkuransar i UV-Jakt og sjølv om denne konkuransen vart sparka i gang på kort varsel, vart det som vanleg prikkfritt organisert frå arrangøren si side.


Grunna dårlege værutsikter og lang reiseveg var det eit relativt lite startfelt i konkuransa med 12 deltakarar.

Konkuranseområdet var områda rundt klubbhuset på Jensholmen, avgrensa av skipsleia i Herøyfjorden i nord, Herøy gard i vest og Stabben øst for Herøybrua, mot Ulsteinvik. Eit område på omkring 8-9 kvadratkilometer som utøvarane kunne jakte på. Stemnet vart noke prega av ein sjøtemperatur på berre 4-5 grader og relativt lite fisk.

Fleire valgte å gi seg etter eit par timar i sjøen. Dei beste fangstane denne runda vart tekne i den sørlegaste delen av området rundt indre delen av Herøybrua. Fisken sto djupt so det var berre dei beste som rakk tak i den. Det er ikkje alle som klarer å gå ned på rundt 20m for å finne fisk.

Den klare vinnaren var Ørjan Dyrnes frå Kristiansund dykkeklubb med 5 fine lyrar (og ei fiskestang) Andreplass gjekk til Svein Skaug frå Ørlandet og tredjeplass til Jan Inge Gabrielsen som kom sterkt tilbake i sporten, etter fire års pause.

Kvinneklassa vart vunnen av Greta Skaug frå Ørland og i juniorklassa vann Elias Schnell frå Kristiansund.

Arrangøren varta opp med kaker og varm mat og drikke i klubblokala på Jensholmen, der mange av klubben sine medlemmar kom innom for å vere med på det sosiale rundt konkuransa. Arrangørklubben stilte berre med ein utøvar i konkuransa, men vi håper på at rekrutteringsarbeidet klubben driv med skal få fleire til å delta i denne sporten.



E.R