Fredag 23april og Laurdag 24april fekk Herøy Dykkerklubb besøk av 5 kara frå Risør. Håkon Sandvik som var tur - ledar og broren har dykka en del på kysten her før. Dei overnatta i eit slekts hus i Sandvika tett før Larsnes.

 

Fredag 23.april hadde vi oppmøte på HDK sitt klubblokale, pga været bestemte vi oss for å prøve oss på Rambod i Ørsta fjorden. Dette var eit kjempe dykk, med god sikt. Gjestane våre var kjempe fornøygde. Etter dykke for vi på klubben, fylte luft og slappa av med ein middag på Lanternen AS. Neste dykk blei eit fint naturdykk i Toftestøda.

Laurdag 24.april møtte Vegard  gjengen på Larsnes kl 0645 med ribb`en vi leigde med Sævik Hytteutleige. Då for vi til Felix Scheder som ligg i Åramsundet. Dette blei eit nytt vellykka dykk, med god sikt og mykje fisk. Dykk nr 2 blei i grottene ved Runde, det var litt drag denne dagen. Men alle var fornøygde etter dykke. Siste dykke blei tatt på Akerendam, der dei fekk tatt litt bilde av kanonen og prøve seg på gullgraving. Ingen gull funn denne gangen, men dei fekk med seg nokre kjempe flotte bilde. Veldig bra sikt ut med Runde denne dagen.

 

Gjengen frå Risør var meget imponerte over naturen vi har rundt oss. Dei skulle heimatt å arrangere steinbit festival, der dei skulle lage ein film frå desse dagane å vise fram. Dei snakka allereide no om å kome igjen neste år. Dei skulle også fortelje alle sine dykkevenner om den naturen dei fe oppleve vist dei besøker oss.

Eg Vegard Hide og Anders Jøsok var kjempe fornøygde med det vi fekk vist desse 5 dykka.

Stor takk til Sævik Hytteutleige, leige av bå t. http://www.ansimax.no/