Stad: Kvalneset

Type dykk: Vrak/skattejakt

Dybde: 2-20 m

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Må ha båt

GPS-posisjon: N 62°24.85' E 005°35.34'

Link til kart: Kart

 

Info:

Det hollanske handelsskipet Akerendam reiste frå øya Texel i Nederland den 19. januar 1725 med to andre skip og Batavia som mål, men under ein kraftig storm i Nordsjøen, mista Akerendam følget og havnar på nordsida av Runde, og blei knust i fjøresteinane ved kvalneset. Over 200 mann omkom denne stormnatta, 8. mars 1725. Skipet hadde 19 skattekister ombord, der fire av dei blei berga i 1725.

 

Akerendam blei som sikkert mange veit, funne av tre sportsdykkera i 1972. Dette året og året etterpå blei det teke opp ca. 650 kg med gull og sølv, som gjer det til Nord-Europas største myntskatt i gull og sølv. Pælemarken og bølgene har fått gjort arbeidet sitt, og det er ikkje så mykje som ei flis igjen av den 145 fots store skuta. Her ligg derimot ca. 38 av 40 kanoner igjen på botnen. Området er fordelt på to felt. På det indre feltet ligg ca. 30 kanoner spredt over eit ganske stort omårde, og har ei dybde frå 4 til 10 meter. På ytre funnstad ligg ca. 8 kanoner og delar av byssa. Det var på rundt 20 meter alt gullet og mesteparten av skatten blei funne, men det blei også funne en del mynt inne ved land og rundt der dei andre kanonene ligg. To av kanonene heilt inne ved land er oppmerka med bøye.

 

Kanon