Stad: Esso-kaia i Fosnavåg

Type dykk: Vrak

Dybde: 24-27

Vaskeligheitsgrad: CMAS** eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Frå land

GPS-posisjon: N 62°20.67' E 005°37.91'

Link til kart: Kart

 

Info:

Hopp i vatnet heilt på enden kaia, mot den grøne lykta i innløpet. Vær litt varsom ved dykking her då dette er veldig nær innløpet, og det til tider er veldig mykje skipstrafikk her. Dykkerflagg er et absolutt must og ha med seg. Det bør plasserast godt synleg ytterst på kaia. Det er også greit og ha en dykkeledar på land, som fylgjer med og er klar til å kalle opp båtar på kanal 16 viss det er nødvendig. Det kan vere ein fordel å ha med dykkerar som har vore på vraket tidlegare.

 

Start nedstigninga midt mellom den grøne lykta og spissen av kaia. Svøm i retning ca. mot Kvalsund, og følg skråninga nedover. Treff du på ein nesten bergknaus med firkanta hjørne som stikk ned i sanden på eine sida, så er du på rett vei. Dette berget skal du ha på din høgre side.  Her skal det også vere nokre gamle trosser som går vidare nedover skråninga i retning vraket. Følg trossene vidare nedover heilt til du treff på vraket på ca. 25 meters dybde. Den kanskje 20 meter båten ligg rett opp og ned i skråninga med baugen peikande opp mot Esso-kaia. Det er ofte fiskestimar som vrimlar rundt lekteren, så dette kan vere ein stor dykkeopplevelse. Spesielt på nattdykk. Etter litt tid på vraket er det vanleg og fylgje ca samen veien oppover skråninga, og gå på land enten i stigen som er heilt inne ved Fiskarkona på kaia. Alternativ to er å fylgje steinfyllinga bort mot Meny og Sunnmørsfisk, og gå opp steintrappa.

 

Vraket ser ikkje ut som ein karakteristisk lekter, då den har både baug, ror og propell. Lekteren var tidlegare brukt til å frakte fiskeslam frå fiskemottaket inne i Nørevågen og ut til havs der det blei dumpa. Båten sank til bunns ved kaia på fiskemottaket. Planen var og slepe vraket langs botnen ut løpet av Fosnavåg, for så og senkast midt ute på holmefjorden. Så langt kom den derimot ikkje, og slepetrossene slitna der skipet ligg den i dag.

 

Veibeskrivelse: Kjør til Fosnavåg sentrum, og parker bilen ved Esso. Prøv og unngå å plassere bilane ute på kaia, då det er fare for at det skal andre bilar ut på kaia i forbindelse med isanlegget som er der.

 

 

Stad: Laupen i Rovdefjorden

Type dykk: Naturdykk

Dybde: 15-30 m

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Må ha båt

GPS-posisjon: 62.2040N 005.7605S

Link til kart: Kart

 

INFO

 

For å komme dit kan du ta båt fra Jøsok/Voldneset, og en liten båt tur rundt Voldneset er du der.
(båt kan ordnes)

utstyr: båt.
flagg.
dregg.

Du går ned med en ganske loddrett fjellvegg som går ned til ca 15m.
videre nedover og til sidene vil du finne som en dal av sand og store berg som stikker ut i fjorden.
Langs østre side mot Laupen vil du finne deler av en gammel fjordbåt/skøyte som gikk ned der rundt 70 tallet.

videre ned vil det gå dypere og dyper. Føller du videre Østover og på utsida av laupen vill du finne en fantastisk avrunda stor vegg som går ganske dypt.

flott plass, verdt å få med seg.

 

HISTORIKK

Laupen er ein utstikker midt i rovdefjorden mellom Skrede og voldneset. 
Det er ein naturlig observasjonspost for båttrafikken i fjorden som Engelske
spioner under krigen brukte melde fra hva båter som gjekk gjennom fjorden. 
Ellers er det ei nes som er lett å kjenne igjen om du tek turen.

Stad: Gjertneset

Type dykk: Vrak

Dybde: 15-20 m

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Fra land

Kart: Link

 

Info

Rett ut for land ligg det vraket av en gamme lekter.

Ihop fra brygga.

Du kan gå iland på slippen rett ved sjøbuda.

 

Fint dykk, men sikta kan variere veldig.

 

OBS OBS

Dette er midt i leia og her kan gå endel småbåter.

Båtane kjem fort så husk dykkeflagg og ikkje gå opp

til overflata langt fra land.

 

Stad: MS Elin, Hjartåbygda - Volda

Type dykk: Vrakdykk

Dybde: 18-30 m

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Frå land

GPS-posisjon:

 

Info

 

 

Stad: Moloen på Sande

Type dykk: Naturdykk/veggdykk

Dybde: 15-20 meter

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Frå land

GPS-posisjon:

 

Info

 

Type dykk: Naturdykk/veggdykk

Dybde: 18-25 m

Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Frå land

GPS-posisjon: N 62°29.26' E 005°42.69'

 

Veibeskrivelse:

Ta av på andre avkjørsel til venstre etter Herøybrua når du køyrer i retning Fosnavåg. Det er mulig å parkere utanfor sjøbudene ved gamleklubben.

Info:

Vest for gamleklubben ligger ei 50 fots treskøyte  på ca 6-8m dybde. Det er ganske nedbrutt, og ser mest ut som ein skraphaug.  Vanleg prosedyre er å fylgje vannledninga utover til du møter klippene. Her er det ca. 18 til 20 m, og alt etter straumretninga kan du velge å dykke til venstre eller høgre.Til venstre er ein flott vegg frå 15 til 25 meters dybde. Til høgre er ei slette med sandbotn som går over i steinur/vegg. Det er vanleg å finne en del kamskjel her på sandbotnen frå 12 til 20 meter. Det er vanleg å snu etter halv flaske og trekke litt oppover på tilbakevegen. Det er ofte ein del trafikk i leia, så forsøk å unngå å gå opp fra dybde større enn 20m.