Stad: Esso-kaia i Fosnavåg

Type dykk: Vrak

Dybde: 24-27

Vaskeligheitsgrad: CMAS** eller tilsvarande

Tilgjengeligheit: Frå land

GPS-posisjon: N 62°20.67' E 005°37.91'

Link til kart: Kart

 

Info:

Hopp i vatnet heilt på enden kaia, mot den grøne lykta i innløpet. Vær litt varsom ved dykking her då dette er veldig nær innløpet, og det til tider er veldig mykje skipstrafikk her. Dykkerflagg er et absolutt must og ha med seg. Det bør plasserast godt synleg ytterst på kaia. Det er også greit og ha en dykkeledar på land, som fylgjer med og er klar til å kalle opp båtar på kanal 16 viss det er nødvendig. Det kan vere ein fordel å ha med dykkerar som har vore på vraket tidlegare.

 

Start nedstigninga midt mellom den grøne lykta og spissen av kaia. Svøm i retning ca. mot Kvalsund, og følg skråninga nedover. Treff du på ein nesten bergknaus med firkanta hjørne som stikk ned i sanden på eine sida, så er du på rett vei. Dette berget skal du ha på din høgre side.  Her skal det også vere nokre gamle trosser som går vidare nedover skråninga i retning vraket. Følg trossene vidare nedover heilt til du treff på vraket på ca. 25 meters dybde. Den kanskje 20 meter båten ligg rett opp og ned i skråninga med baugen peikande opp mot Esso-kaia. Det er ofte fiskestimar som vrimlar rundt lekteren, så dette kan vere ein stor dykkeopplevelse. Spesielt på nattdykk. Etter litt tid på vraket er det vanleg og fylgje ca samen veien oppover skråninga, og gå på land enten i stigen som er heilt inne ved Fiskarkona på kaia. Alternativ to er å fylgje steinfyllinga bort mot Meny og Sunnmørsfisk, og gå opp steintrappa.

 

Vraket ser ikkje ut som ein karakteristisk lekter, då den har både baug, ror og propell. Lekteren var tidlegare brukt til å frakte fiskeslam frå fiskemottaket inne i Nørevågen og ut til havs der det blei dumpa. Båten sank til bunns ved kaia på fiskemottaket. Planen var og slepe vraket langs botnen ut løpet av Fosnavåg, for så og senkast midt ute på holmefjorden. Så langt kom den derimot ikkje, og slepetrossene slitna der skipet ligg den i dag.

 

Veibeskrivelse: Kjør til Fosnavåg sentrum, og parker bilen ved Esso. Prøv og unngå å plassere bilane ute på kaia, då det er fare for at det skal andre bilar ut på kaia i forbindelse med isanlegget som er der.