Type dykk: Naturdykk/veggdykk
Dybde: 18-25 m
Vaskeligheitsgrad: CMAS* eller tilsvarande
Tilgjengeligheit: Frå land
GPS-posisjon: N 62°29.26' E 005°42.69'
Veibeskrivelse:
Ta av på andre avkjørsel til venstre etter Herøybrua når du køyrer i retning Fosnavåg. Det er mulig å parkere utanfor sjøbudene ved gamleklubben.
Info:
Vest for gamleklubben ligger ei 50 fots treskøyte på ca 6-8m dybde. Det er ganske nedbrutt, og ser mest ut som ein skraphaug. Vanleg prosedyre er å fylgje vannledninga utover til du møter klippene. Her er det ca. 18 til 20 m, og alt etter straumretninga kan du velge å dykke til venstre eller høgre.Til venstre er ein flott vegg frå 15 til 25 meters dybde. Til høgre er ei slette med sandbotn som går over i steinur/vegg. Det er vanleg å finne en del kamskjel her på sandbotnen frå 12 til 20 meter. Det er vanleg å snu etter halv flaske og trekke litt oppover på tilbakevegen. Det er ofte ein del trafikk i leia, så forsøk å unngå å gå opp fra dybde større enn 20m.